Når ein les innspela frå aksjonsgruppa for eit samla Kjøs til Stryn, får ein ofte inntrykk av at det er Hornindal kommune som styrer dette. Aksjonsgruppa har full rett til å kjempe for sitt synspunkt, men dei må rette synspunkt og spørsmål til rette vedkomande. Det er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som har ansvar for prosessen. Hornindal kommune har vore tydelege på dette heile tida.

Fylkesmannen bestemmer kven som skal verte høyrde i slike saker. Høyringsinstansane får henvending frå fylkesmannen med spørsmål som fylkesmannen treng svar på før han kjem med si innstilling. Dei henvendingar som Hornindal kommune har teke imot i denne prosessen av enkeltpersonar og aksjonsgrupper, vert sendt vidare til fylkesmannen, og det er fylkesmannen som avgjer kva som skal skje vidare med dei. Hornindal kommune har hjelpt til med praktiske saker i den grad fylkesmannen har bedt om det.

Hornindal kommune har kome med si uttale. Ein har svara på spørsmåla som fylkesmannen stilte ut frå situasjonen slik han er no. Hornindal har dimensjonert sine tenester ut frå dagens kommunestorleik. Dette kjem fram i Hornindal si uttale. Vi har god barnehagedekning, ein barne- og ungdomsskule som fungerar godt. Det vert bygd ny skule som vil heve kvaliteten både miljømessig og læringsmessig. Vi har vedteke vidare utbygging av Omsorgssenteret så snart NVE gjev grønt lys for dette. Vi har eit velfungerande NAV-kontor og samarbeidet med Sunnmøre gjev oss tilgang på gode ressursar innan barnevern. I tillegg har vi eit velfungerande helsesenter med legar, fysioterapeutar, kiropraktorar og helsestasjon. Det vil òg vere legitimt å vise til avtala som dannar grunnlag for samanslåingsprosessen mellom Hornindal og Volda kommuner. Kva som vil skje lenger fram i tid veit ein ikkje verken for Nye Volda kommune eller Stryn kommune.

Hornindal kommunestyre vurderte nøye kva folkemeininga var i ulike deler av Kjøs-området. Det var eit tydeleg fleirtal i Kjøsapollen som vil høyre til Hornindal kommune. Det var naturleg å legge vekt på dette ønskjet. Like naturleg var det at kommunestyret gjekk inn for at Maurset-området vert ein del av Stryn kommune. Eg kan ikkje sjå at Stryn har gjort slike vurderingar, trass i at ordførar Flo uttalte til Fjordingen 13.september 2016 at folkemeininga ville vere viktig. Dei har i liten grad vurdert om dei har kapasitet innan lovpålagde tenester for innbyggjarane i Kjøs. Det viktigaste har vore viltforvaltning og trafikknutepunkt. Når E39 vert vidareført, vil trafikknutepunktet ligge i Stryn kommune i høve Hornindal kommune si uttale.

Aksjonsgruppa peikar på at det vert langt til administrasjonsstaden når Hornindal kjem med i ny kommune. Utviklinga har vel gått i retning av at innbyggjarane meir og meir nyttar seg av kommunikasjon via internett og telefon. Det viser seg at behovet for personleg frammøte vert mindre og mindre.

Eg ser at det vert problematisert at eit bruk vil eige ein relativt stor tomt i ein annan kommune, om ein føl Hornindal kommune si tilråding til kommunegrense. Dersom grensa skal gå på Kjøshammaren vil tre eigedomar verte splitta mellom to kommunar og etter kvart to fylke. Vil det vere betre? Hornindal kommune meiner difor at den grensa ein har vedteke vil vere den beste.

Når det gjeld henvendingane frå aksjonsgruppa, er det ikkje Hornindal kommune som skal handsame dei. Dei vert sende vidare til fylkesmannen.

Brynhild Lund Notøy