Dalane kraftverk i Markane har vore ute av drift sidan 20. mars grunna oppgradering og utskifting av rørgata.

– I løpet av desember skal kraftverket vere oppe å gå igjen. Det seier stasjonsmeister Paul Andreas Hatledal.

– Ny generator er på plass, den kom på lastebil og hengar og er montert del for del siste vekene. Den gamle NEBB-generatoren, som rusla og gjekk nærast utan stans i over 70 år, er bytta ut med ein Hitzinger generator. Denne har om lag 2,5 gonger større effekt enn den gamle, fortel Hatledal vidare.

I høve monteringa av den nye generatoren har veggane ved stasjonen fått eit nytt strøk med måling, og det er støypt nytt golv.

– Alt elektrisk og kontrollanlegg med meir skal monterast denne veka. Elles står det berre att å dekke heile rørgata og gjere ferdig støypearbeid oppe ved inntaket, seier Hatledal.

Hatledal håpar på dobla årsproduksjon no når den nye generatoren er på plass:

– Generatoren vil gå døgnet rundt, men kapasiteten kan ein justere etter behov og pris.

Meir kraftproduksjon krev nytt utstyr

NEBB-generatoren frå 1944 hadde gjort sitt og er no altså bytta ut med ein topp moderne Hitzinger generator.

NEBB-generatoren ytte 0,6 MW, medan den nye har ein kapasitet på om lag 1,4 MW. Det er firmaet BNTurbin som har levert den nye generatoren. Firmaet har også stått for monteringa saman med Paul Andreas Hatledal.

Då Fjordingen var på besøk i Dalane kraftverk i mars såg stasjonsmeister Paul Andreas Hatledal fram til at ny generator skulle kome på plass:

– Den gamle maskina kunne gått i mange år til, men meir kraftproduksjon krev nytt og forbetra utstyr.

Eit stykke historie

NEBB-generatoren gjekk nesten kontinuerleg i over 70 år, og maskina vart berre stoppa når det var behov for vedlikehald.

– Totalt var det snakk om rundt 25 timar pr. år, fortalde Hatledal. Etter 30 år som stasjonsmeister ved Dalane kraftverk kunne han på lang avstand høyre om noko ikkje var som det skulle. No er det klart for nye tider for Hatledal og Dalane kraftverk.