– Det er ein brest i moralen til folk når det gjeld slike skadar. Eg er overbevist om at dei fleste merkar at dei er borti i ein annan bil, men dei bryr seg ikkje. Det er berre unntaksvis vi får skademelding med to aktørar. Det at åtte av ti stikk av, fortel meg at når det gjeld stykket er vi eit folkeslag med dårleg moral, seier informasjonsdirektør Jon Berge hos If forsikring til Stavanger Aftenblad.

Berge trur tronge parkeringsplassar er årsaka til mange av skadane.

Til vanleg er eigendelen på 6.000 kroner på kaskoforsikringa. Skriv ein skademelding til forsikringsselskapet, betyr det at skadane har overstige den summen.

(©NPK)