Trass i at det har kome protestar på valet av namnet «Vestlandet» frå mange hald, blir det ingen ny namnerunde i fylkestinga, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Fylkesordføraren peikar på at skeptikarane har hatt lang tid på seg til å protestere på namnet. Alt 2016 var det semje om nemninga «Vestlandsregionen» i avtalen mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, og i januar var «Vestlandet» inne i intensjonsavtalen.

– Rogaland stemte som kjent «nei» til den første avtalen. I januar 2017 framforhandla vi difor ny avtale for Hordaland og Sogn og Fjordane. Der vart det tatt ny runde på namnet, og det var semje om bruke «Vestlandet». I intensjonsplanen var vi samde om «Vestlandet fylkeskommune», og det vart godkjent av fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane i februar.

Ingen konklusjon frå Språkrådet

– Burde Språkrådet ha uttalt seg?

– Det var semje om å innhente uttale frå Språkrådet, og denne låg føre då vi handsama saka i fylkestinga våre 27. oktober. Rådet hadde fleire framlegg, m.a. Fjordane, Gulafylket, Bjørgvin, Bergenhus, Hordaland og Fjordane. Men Språkrådet kom ikkje med nokon endeleg konklusjon, seier Følling, som legg til at det er viktig å merke seg at regjeringa og departementet har sagt at det skal heite «fylkeskommune» også i framtida.

– Kva andre alternativ til namn låg føre då saka vart endeleg handsama?a?

– I fylkestinget i Sogn og Fjordane 27. oktober kom MDG med framlegg om namnet «Fjordane». Det fekk éi røyst og fall. Det kom også framlegg frå SV om å ha ein prosess på namnet. Det fekk to røyster og fall. Elles gjekk diskusjonen på om det skulle heite «Vestlandet fylkeskommune» eller «Vestland fylkeskommune». «Vestlandet fylkeskommune» vart vedteke med 29 mot 2 røyster.

Ingen ny runde

– Er det aktuelt å ta spørsmålet om namn opp til ny vurdering i dei to fylkestinga etter at det har kome fleire reaksjonar i media?

– Det vil vere aktuelt å ta ein runde på om det skal vere «Vestlandet» eller «Vestland» i fellesnemnda, men med så klart fleirtal i begge fylkestinga blir det ikkje ny runde på heilt andre namn. Dersom Møre og Romsdal eller andre var veldig imot Vestlandet, så har det vore rikeleg tid til å protestere på det. Det er såleis underleg at ikkje debatten om namnet kom før, seier Følling.