Laurdag vart det halde auksjon for bilete og trykk etter kunstnaren Kaare Sunde i foajéen i Stryn kulturhus. Då kunstnaren døydde i 2005 vart ca 400 måleri og fleire trykk gitt Stryn kommune. Desse vert forvalta av stiftinga Kaare Sunde Samlinga.

Også tidlegare er det halde auksjon for bilda hans.

– Han var ein habil målar og teknisk kunnig, sa Fridtjof Urdal, som var henta inn som auksjonarius.

Det vart selt bilde for ca 18.000 kr.

– Vi er nøgde med det ut frå talet frammøtte, seier Andreas Solvik, nevø av Sunde.