Mange av dei stolne gjenstandane i det som har blitt omtalt som "vikingskatten" er no komne til rette og er tilbake på Universitetsmuseet i Bergen. Men framleis manglar det truleg minst 100 gjenstandar etter at tjuvar braut seg inn i tårnet og stal rundt 400 uerstattelege gjenstandar, hovudsakleg frå vikingtida.

Kor vidt dei mange gjenstandane frå Stryn og Hornindal er blant dei som er komne til rette, kan ikkje museumsleiinga seie noko om enno. No ventar eit tidkrevjande og møysommeleg arbeid med reparasjon, konservering og registrering av det som er funne så langt.

To personar vart sist veke varetektsfengsla for innbrotet på museet, og ytterlegare to personar vart seinare arresterte.