Totalt kom det inn 53 forslag til nytt kommunevåpen i konkurransen. Vinnarutkastet vart presentert for Fellesnemnda i møte torsdag.

Mange hadde med begge elementa

Mange av utkasta hadde med element frå dei to eksisterande kommunevåpena, mange hadde også ulike komibinasjonar av fjell, vatn og tunnel.

Det dukka også opp motiv som var inne i debatten sist Hornindal skulle ha kommunevåpen, både fela og ambolten (stedet) dukka opp igjen.

Dessutan var det fleire nye motiv som padde, alfakrøll, navar, smietang og liljekonvall.

I løpet av prosessen valde komiteen ut dei 10 utkasta dei meinte var mest aktuelle, og brukte deretter elimineringsmetoden.

– I dette arbeidet vart mellom anna motiv som alt er i bruk i andre kommunevåpen, lagde til sides, forklarer leiaren av nemnda, Jon Tvinnereim.

Vurdering frå heraldikarar

I den endelege vurderinga fekk utkastet med pennesplitt i midten og to ljåblad, eitt på kvar side, tre av røystene i nemnda.

Eitt medlem gjekk inn for utkastet med pennsplitt i front og tre ljåblad bak. Det siste medlemmet i nemnda valde å ikkje røyste.

Deretter vart det henta inn faglege råd og vurderingar frå to røynde heraldikarar, Hans Cappelen og Arvid Sveen. Begge desse meinte i følgje komieen sin rapport at utkastet med pennesplitt og to ljåblad var det beste. Dette vart også til slutt utkastet komiteen gjekk inn for.

Tidkrevjande

På spørsmål om det har vore eit vanskeleg arbeid, seier komiteleiar Jon Tvinnereim at han ikkje vil kalle det vanskeleg, men at det har vore tidkrevjande og at komitemedlemmane har hatt ulike syn og meiningar.

– Men det var full semje i det avsluttande møtet. Såleis har det gått greitt, men det har teke tid. Vi har hatt mange møte, og det har vore litt ulike syn, til dømes på om vi skulle velje noko nytt eller føre tradisjonen frå eksisterande kommunevåpen vidare, seier Tvinnereim.

Få med kommuneidentitetane

– Men det var som mange som rundt 1/3 som var basert på kombinasjonen av pennesplitt og ljå, som er i dei eksisterande kommunevåpena. Dette tok vi som ein indikasjon på at det var ønske om å få med seg litt av kommuneidentitetane sine inn i den nye kommunen.

Det har også vore litt ulikt syn i komiteen i høve til motiva pennesplitt og ljåblad og kor vidt dette er motiv som ungdomane i kommunen kjenner att og kjenner seg att i.

Men ettersom desse motiva har ein viss historisk relevans, vart komiteen ståande med desse som motiv, sjølv om det vart stilt spørsmål ved kor vidt dette er motiv som ungdom identifiserer seg med.

Departementet har siste ordet

Fellesnemnda skal gjere vedtak om nytt kommunvåpen, men forslaget skal først behandlast i dei to kommunestyra.

Kommunaldepartementet har siste ordet i saka.

Teikna vinnarutkastet

Dagfinn Fløtre frå Volda står bak vinnarutkastet til nytt kommunevåpen. Han vert premiert med 15.000 kroner- Bodil Johnson frå Nordfjordeid står bak utkastet som vart nummer to (mykje i slekt med vinnarutkastet). Ho vert premiert med 10.000 kroner. Dette vart klart då konvoluttane med deltakane sine namn vart opna i møtet torsdag.

Om prosessen:

  • Temakomité for kommunenamn og heraldikk i mars med desse medlemmene: Kari Aslaug Hasle, Odd A. Folkestad, Rolf Taraldset og Siv Madeleine Kristensen og leiar Jon Tvinnereim. Dei to medlemmene frå Hornindal vart seinare ugilde og Torunn Lødemel Stokkeland og Svein Otto Espe kom inni komiteen i staden.

  • I mai lyste komitéen ut open konkurranse om nytt kommunevåpen for nye Volda. Då fristen for innsending av forslag var ute 01.09. var det kome inn 53 forslag

  • Dei to største gruppene av innsende bidrag hadde ulike kombinasjonar av eksisterande kommunevåpen for Hornindal og Volda, eller ulike kombinasjonar av fjell, vatn og tunnel som motiv.

  • Resten av dei innsende forslaga hadde ulike motiv som tre, padde, ambolt, ugle, fjørpenn, smietang, liljekonvall, alfakrøll, bok, navar og feler.

  • Temakomitéen fall til slutt ned på eit motiv som kombinerte dei to kommunane sine eksisterande kommunevåpen, og tilrår eit kommunevåpen med kvit pennesplitt og to kvite ljåblad på blå botn.