Riksantivkaren løyver inntil 15.000 kr frå statsbudsjettet til reetablering av tuntre ved lensmannsgarden Tingvoll i Stryn. Tuntreet på den freda gardsplassen vart øydelagt under orkanen Tor i 2016, og løyvinga skal dekkje deler av kostnadane med å få fjerna røtene etter dette treet og få på plass eit nytt tuntre slik at den freda gardsplassen blir gjenoppretta slik han var på fredingstidspunktet, går det fram av vedtaket.