Nortura betalar tilbake 400.000 kroner i såkalla frysefrådrag som vart gitt for sauekjøtt som seinare vart eksportert til Afghanistan.

Eksporten av 102 tonn sauekjøtt til Afghanistan har skapt reaksjonar. No er det klart at Nortura betalar tilbake støtte etter den omstridde praksisen, ifølgje [URL]Nationen;http://www.nationen.no/article/nortura-betaler-tilbake-stotta-for-kjotteksporten-til-afghanistan/[/URL]. I eit brev Omsetningsrådet har sendt til Landbruks- og matdepartementet går det fram at Nortura, som er marknadsregulator, betalar tilbake det såkalla frysefrådraget for sauekjøttet som vart eksportert til Afghanistan.

– Nortura har beklaga dei negative effektane eksporten kan ha medført, og opplyser at all vidare eksport til Afghanistan via selskapet eller deira dotterselskap er stoppa. Dette gjeld dessutan også eksport til andre MUL-land, skriv Omsetningsrådet i brevet.

Det blir presisert at det ikkje er lov å eksportere kjøtt ein har fått frysefrådrag for.

©NPK