4.klassingane ved Olden skule deltek i ein nasjonal lesekonkurranse, og har i snitt lese over 4600 sider på berre litt over ein månad.

Dei er dermed den 4.klassen som har lese flest bøker i landet no i haust. Berre klasse 7A ved Skjelstadmark oppvekstsenter har lese fleire sider. Norli junior er ein stor lesekonkurranse som alle klassar i Norge kan melde seg på. I år er det fleire enn nokon gong som er med.

Klassen har laga seg eit klassebibliotek. Der har dei tatt med seg bøker på skulen som dei andre i klassen kan låne.

Alle som les 800 sider per elev får medalje, og ein er med i trekning av ein ny, større pokal kvar gong klassen når eit nytt nivå.

Les meir om lesekonkurransen på Framtida Junior