- Vi er glade for at Fylkesmannen har lagt så sterk vekt påinnbyggjarane sitt engasjement og retningsynskje, og gitt ei heiltklar tilråding om at Bryggja blir ein del av nye Stad kommune.

- Deter no viktig at vi raskt får eit endeleg vedtak i saka, slik at vikan legge best mogleg til rette for god medverknad frå Bryggja iarbeidet med å forme nye Stad kommune. Det seier ordførar SteinRobert Osdal i Selje og Alfred Bjørlo i Eid i ein felles kommentartil Fylkesmannen si tilråding om grensejustering for bygda Bryggjainn i nye Stad kommune frå 1.1.2020.

- Vi merkar oss atFylkesmannen er tydeleg på at staten vil legge til rette for eitøkonomisk oppgjer med utjamning av inntekter og utgifter, slik atingen av dei nye kommunane kjem skadelidande ut økonomisk.

- Vi harsom lokalpolitikarar no eit stort ansvar for å setje innbyggjaranei sentrum, slik at vi ikkje skaper unødig utryggleik for at ein vilfå gode tenester som innbyggjar på Bryggja både før og etter1.1.2020. Vi ynskjer difor ein god dialog med Vågsøy i tidaframover, slik at vi finn løysingar som er tenlege både forinnbyggjarane på Bryggja og for nye Kinn kommune, seier ordføraranei Selje og Eid.