Det ligg ikkje inne budsjettmidlar til dekning av søskenmoderasjon i skulefritidsordninga i Stryn kommune for skuleåret 2017-2018. Ei slik ordning blir difor ikkje tilrådd, heiter det i eit vedtak frå skule- og kulturutvalet.

Politikarane følgjde tilrådinga frå rådmannen. Det har heller ikkje vore slik moderasjon sidan oppstarten av SFO.

SP fremja i fjor forslag om at ei eiga sak om søskenmoderasjon skulle opp i utvalet. Kommunane Gloppen, Vågsøy og Selje har denne rabattordninga, men ikkje Eid og Stryn.