Med eit hopp på 122 meter og 19. plass sikra Anders Fannemel seg ein plass i verdenscuprennet i Polen denne helga. Honndølen kvalifiserte seg saman med alle dei seks andre norske hopparane. Robert Johansson var beste norske med ein 10. plass.

Etter verdscupopninga i Polen bevegar verdscupen seg vidare til Ruka i Finland (24. november) før Nizhny Tagil i Russland er vertskap heilt i slutten av månaden.