Verdscupsirkuset i hopp startar denne helga med renn i polske Wisla.

Det heile startar med kvalifisering fredag for Anders Fannemel og resten av hoppeliten. Om honndølen kjem seg heilskinna gjennom kvalifiseringa får han også hoppe i det individuelle rennet på søndag. Laurdag er sett av til lagkonkurranse.

Viste god form i NM

I norgesmeisterskapet i normalbakke for om lag tre veker sidan viste Anders Fannemel gode takter. Berre eit halvt poeng skilde han frå ein plass på pallen. Landslagstrenar Alexander Stöckl var godt fornøgd med det Fannemel presterte i NM:

– Fannemel si hopping var veldig positiv. Dette var ein bakke han ikkje likar noko særleg, og han har hatt ein ganske krevjande sommar. Lands-lagstrenaren meinte også at det no peikar i rett retning for Anders Fannemel.

Etter verdscupopninga i Polen bevegar verdscupen seg vidare til Ruka i Finland (24. november) før Nizhny Tagil i Russland er vertskap heilt i slutten av månaden.