Skiskyttarane sesong-opnar med renn på Sjusjøen denne helga. Landslagssjefen har store forventningar til kva brødrene Bø kan prestere i OL-sesongen.

– Alt er i rute før opninga til helga, seier landslagssjef Egil Kristiansen til Fjordingen. Han legg ikkje skjul på at han har store forventningar til Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø denne sesongen.

Stor medaljekandidat

– For Johannes sin del håpar eg at han kan prestere på sitt høgaste nivå litt oftare enn før, då kan det verkeleg bli bra. Då er han ein av våre største medaljekandidatar i OL. For Tarjei gjeld det berre å vere på startstreken i dei fleste renna, då blir resultata bra.

Berre Tarjei kan skilte med ei OL-medalje så langt av dei to, då han var med å vinne stafetten i Vancouver i 2010.

Meland tek tida til hjelp

Også Johan Eirik Meland stiller på startstreken denne helga.

– Eg trur nok at eit par år til med optimal trening må til for å kunne gjere det heilt store. Om eg får oppturar på vegen så er det muleg å halde seg motivert og fokusert på det målet, seier Meland. Markaneløparen har lagt bak seg ein haust med mykje god trening og ser fram mot sesongstarten til helga.

– Ting har gått som planlagt og eg har gjort ein god jobb, så eg er trygg på at eg kan gå gode skirenn. Om det er bra nok til å matche dei aller beste står att å sjå, seier 23-åringen. I årets oppkøyring har han også prøvd noko heilt nytt; treningsturar i Las Vegas og Grand Canyon.

– Det var rett og slett ein guttetur til USA med kompisar frå Stryn som vi hadde i august. Eg passa sjølvsagt på å få lagt inn ein god del trening. Blant anna langtur-løp i Yosemite nasjonalpark med klapperslangar og intervalløkt i Las Vegas mellom casinobesøka, smiler han. Rulleski i Grand Canyon vart det også.

– Det er nok ikkje så mange som har gått på rulleski der tippar eg.

Satsar på feilfri skyting

I helga fokuserer han ikkje så mykje på plasseringar.

– Skytinga har vore bra i det siste, så eg har opparbeidd meg sjølvtillit der. Eg forventar å skyte feilfritt og få ut potensialet i sporet, seier Meland, som har trena på snø sidan slutten av oktober.

Johan Eirik Meland opnar sesongen med sprint laurdag og fellesstart søndag. Her frå fjorårets opningsrenn på Sjusjøen. Foto: Roy Aron Myklebust