Ingen kunne slå ein feilfri Martin Fourcade under 10 km. sprint på Sjusjøen laurdag. Johannes Thingnes Bø var likevel raskest i sporet, men med to bom glapp sigeren for stryningen.

Johannes er nøgd med tredjeplass, like bak lagkamerat Erlend Bjøntegaard.

– Eg hadde veldig gode ski, sikkert dei beste i dag, det var kjempeartig. Det var litt rusk på skytinga, sa Bø til NRK etter løpet.

Bror Tarjei Bø enda på femteplass. Lagkameraten Lars Helge Birkeland gejkk inn til ein sjuende plass, medan Emil Hegle Svendsen på 46. plass.

Meir om sesongopninga frå Sjusjøen i tysdagsavisa