Alle naudetatar rykka ut til det som skal ha vore ei utforkøyring på E39 ved Holmøyane. To personar skal ha kome seg ut av bilen. Skadestadsleiar Jan Tore Sunde, opplyser at dei to personane som var involvert i utforkøyringa framsto som uskadde.

Dei vart likevel sendt til Eid i ambulanse for sjekk.

Det var dårlege køyreforhold på staden og bilen skal ha sklidd ut av vegen i ein høgresving. Det skal ikkje vere mistanke om rus.