I eit intervju med nrk.no seier Bengt Flaten, sjef for lokalavisa Fjordingen, at dei nye postreglane vil få særs negative konsekvensar for Fjordingen. Det gjeld sjølvsagt òg mange andre lokalaviser.

På nrk.no står det vidare at: “Mange lokalaviser har (...) en stor abonnentbase utenfor sitt nærområde. En av dem er avisa Fjordingen i Stryn. Så mye som hver tredje abonnent bor ikke i Nordfjord-regionen, og får avisen tilsendt i posten. Etter nyttår vil de måtte vente lengre enn vanlig.”

Frå nyttår av vil det ikkje verte gjort skilnad mellom A- og B-post, noko som gjer at posten vil bruke to dagar på å nå fram til mottakaren, og dette vil ramme avisdistribusjonen.

Regjeringa held fram i same skadelege spor i framlegget deira til statsbudsjettet for 2018, der løyvinga til Posten Norge til kjøp av ulønnsame posttenester er 165 millionar kronar, som er 12 millionar mindre enn 2017 og langt under dei reelle meirutgiftene, som ifølgje frifagbevegelse.no er på 700 millionar kroner

Denne raseringa av posttenestene kjem etter at Høgre, Framstegspartiet, Venstre og KrF innførte EU sitt siste postdirektiv. Det at EU-tilpassinga av postpolitikken får så negative konsekvensar er ein av mange grunnar til at Raudt går inn for å få Noreg ut av den skadelege EØS-avtalen.

Anders Hamre Sveen

Raudt, Sogn og Fjordane