Garden Sølvberg ligg høgt og fritt på fjellplatået som ruvar over nordsida av Nordfjord. Ved fjorden, vel så 300 meter under, ligg naustmiljøa Sølvbergsnausta, og like på austsida av Storelva ligg naboidyllen Bergsetnausta. Rett over fjorden frå Utvik.

Naustmiljøa her var inngangsporten til gardane oppe på fjellet. Ein mykje viktig landingsplass, for dette var einaste tilkomst-åra, det første busetnads-tusenåret.

Prolog

Ja, apropos busetnad, kva kjenner ein om denne!

Ein kan i alle fall stadfeste at Sølvberg er ein gamal gard, som fører ein tilbake til Vikingtida. Då var fjellplatået oppe her regelrett eit skogs og fjellterreng.

Og ved sjøen? Jau, ei ubebudd lita skogkledd vik. Men likevel var det sjøferdsle langs med.

Også med landstiging. Gravrøyser ved sjøen her kan vere eldre enn garden som kom oppe.

Rols

Segna fortel at første mannen på Sølvberg heitte Rols.

Han skulle være bror til Blodseige Lote og Orm Steinsaaker. Dei to sistnemnde busetjarar på høvesvis Lote og Steinsåker (Blakset). Blodseige skulle ha vore hirdmann hjå Harald Hårfagre.

Alle tre det ein kan kalle kjemper. Desse karane kom altså roande inn fjorden heilt på slutten av 900-talet.

Ein kjenner ikkje til om Rols først slo seg til nede ved sjøen.

Det er lite som tyder på dette ettersom ein ikkje kan påvise restar etter buplass frå denne tida.

Likevel heiter ei urd like vest for nausta for Rolvsurda. Segna vil ha det til at dette er gravplassen til Rols.

Busetnad oppe

At garden låg høgt, og etter vår tids omgrep tungvint til, var ikkje uvanleg. Det var heilt andre ting som talde då enn gode kommunikasjonstilhøve. Då var det skog, jord, mark, vatn, sol og slikt, som var viktigast, kort sagt «gode lunnende».

Slik er det derfor ikkje unaturleg at Rols fann å utforske landet oppe på fjellet først som best, og fann det då både overraskande flatt og grøderikt.

Rolvshillaren bær namnet hans den dag i dag, denne ligg under ein liten hammar så godt som midt i tunet i dag.

Kona til Rols skulle heite Fo. Etter henne har vi Fo-haugen og Fo-myra like nedanfor Inntunshusa. Segna seier at Fo skal være gravlagd i Fo-haugen.

Sellsberge

Første skriveforma frå 1300-talet er Sellsberge. Og første gardsetableringa oppe på fjellplatået, som i ettertid er blitt kalla Øvretunet, låg om lag der handelslaget ligg i dag.

Tidleg på 1900-talet vart det her funne visn etter både tufter og reidskap og smikolrestar.

Namn som har hengt ved i folketale gjennom tida, som Oppigardsmyrane, Stove- og Smieåkeren, vitnar også om at det her har vore både stover og åkrar.

Terrenget gjer det også naturleg for eit tun.

I «Bjørgynjar Kalfskinn», ei skrift frå tidleg på 1300-talet, er nemnt at både Sellsberge øvre og Sellsberge nedre legg skatt. Altså var det då også eit nedre tun.

Skinnbrevet

«Skinnbrevet» frå rundt 1340 er det eldste dokumentet som vitnar om busetnaden her. Dette klenodiet er i dag oppbevart i eitt av tuna, og lyder omsett:

«Til alle menn som ser eller høyrer dette brevet, sender Simun prest i Olden, Torstein kåm og Gunnar på Sunde Guds helsing og si eigi. Me gjer kunnig for dykk at me var til stades der og såg på handetaket millom Kalv på Kårstad og Astrid, dotter til Erik lyand, um ei halv manadarmatr (mål for landskuld) i øvre tunet ovanfor nedre berget i Sellsberge med alle lunnende som til hev lege i gamal og ny tid. Kalv kjøpte med fullt vederlag og full betaling av fyrrnemnde Astrid, og til stadfesting på dette sette me fyrrnemnde menn våre innsigle under dette brevet og kjøpet. Gud vere med dykk no og alltid, amen.»

Dette er direkte tyding frå originalen på gamalnorsk, som ein altså set inne med.

Seinare høyrer ein ikkje meir om øvre tunet eller Sellsberge.

Som kjent kom Svartedauen i 1349, så truleg er då tunet lagt delvis øyde.

Tre bruk

Det er først i 1563 at vi høyrer om tre bruk.

Gamle øvretunet er no vekk, men eit nytt «øvretun» er kome til, det vi i dag kallar Bakkebruket.

Tunet nede under hammaren er delt i to, eit ytre og eit indre.

Jakob sat på det som i dag er Perbruket, Torbjørn på Instebruket og Knud på Bakken.

Alt same året blir instebruket delt. Torbjørn skøyter til to av sønene.

Slik kjem Isakbruket og Innitun inn. Nokre år seinare blir ytstebruket skilt i Perbruket og Bentbruket og like etter kjem også Andersbruket til.

Slik vart det i alt 6 bruk, og desse har ein også i dag. Perbruket rett nok delt i to bruk i 1898, då bruk 7 Øverland (Bønen) kom til.

Nils Mattisson Sølvberg overtok skøyta her i 1911.

Dette er Del 1 av i alt 7 deler. I Del 2 vil vi presentere busetnaden under Sølvbergs-hammaren, og få eit inntrykk over husklynga og livet i tunet.

Oppigard: Skisse av Kornelius Sølvberg. Foto: Kornelius Sølvberg
Skinnbrevet: Skinnbrevet frå rundt 1340. Oppbevart ved eitt av Sølvbergstuna. Foto: Kåre Jens Nygård