Etter ein særs dårleg vinter førre sesong er vi strålande nøgd med stort snøfall dei siste dagane. Om alt går etter planen åpnar vi alle heisar tysdag 21. november, opplyser driftssjef ved Breimsbygda skisenter, Runar Kleppe.

I eit pressemelding skriv skisenteret kva som er gjort av tiltak både i alpinbakke og langrennsløyper;

- Vi har fått nye LED lys i halve lysløypa og vi har bygd snøgjerder i alpinbakken for å sikre gode snøforhold. I tillegg har Breimsbygda IL bygd "Futevegen" som gjev nye flotte turløyper. Det har og blitt gjort utbetringar og mykje vedlikehald på utstyr og maskiner for å være klar når snøen skulle kome, seier Kleppe.

Stryn Vinterski opna anlegget laurdag