Anders Fannemel hoppa 117 meter i første omgang og klarte såleis akkurat å kome med i andre omgang i søndagens hopprenn i Wisla. I andre omgang hoppa Anders enda lenger og landa på 122 meter.

223,2 poeng heldt til ein 25. plass og sist av dei norske for hønndølen som sleit med støl nakke etter at han krasja med eit reklameskilt etter eit hopp under kvalifiseringa fredag.

- Eg hoppa betre tidlegare i helga. Eg slit med støl nakke og tør ikkje ta skikkeleg nedslag. Det tapar eg mykje poeng på. Eg er litt feig dessverre. Det er ikkje noko alvorleg skade, men eg har ikkje lyst å krasje meir så tidleg i sesongen, sa Fannemel til NRK.

Han var klar på at bakken i Wisla kunne vore betre.

- Det er ikkje bra preppa her for å seie det slik, sa Fannemel.

Det var japanske Junshiro Kobayashi som vann det individuelle rennet søndag med 260,5 poeng med hopp på 124 og 126,5 meter. Polske Kamil Stoch kom på andreplass foran austerriske Stefan Kraft.

Beste nordmann vart Daniel Andre Tande med ein femteplass

Dei norske hopparane kan trøyste seg med siger i laghopp i polske Wisla laurdag.