- Det kan verke som om mange meiner det er viktig å få fram at det er to kommunar som har blitt til ein ny kommune, seier ordførar Stig Olav Lødemel i Hornindal etter at det tilrådde utkastet til nytt kommunevåpen vart presentert for Fellesnemnda sist veke.

Det var temakomitèen for kommunenamn og heraldikk som presenterte utkastet og fortalde om prosessen med kommunevåpen så langt.

Det tilrådde vinnarutkastet er samansett av element frå dei to eksisterande kommunevåpena, pennesplitt frå Volda og ljåblad frå Hornindal.

«Kna vidare»

– Kva er ditt fyrsteinntrykk av det tilrådde kommunevåpenet, ordførar Stig Olav Lødemel?

–Mitt umiddelbare fyrsteinntrykk er at det kanskje burde vore litt meir «luft» mellom pennesplitten og ljåane, noko eg forstår at fagfolka også hadde bemerka. Men slik eg forstår heraldikkomiteen ønskjer dei å samarbeide med teiknar Dagfinn Fløtre og fagfolk for å «kna litt vidare» på vinnarutkastet.

– Viktig at Hornindal syner godt igjen

– Trur du det har vore forventningar om at Hornindal skal «få» kommunevåpenet sidan Volda fekk namnet?

– Det er vel kanskje nokon som er av den meining, men for mange er det i alle fall viktig at Hornindal syner godt igjen på det nye kommunevåpenet, seier ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel.

Ordføraren: – For mange er det viktig at Hornindal syner godt igjen på det nye kommunevåpenet.

Alle 53 forslaga blir lagde fram

Ordføraren legg til at han registrerer at mange av forslaga som kom inn i tevlinga tok utgangspunkt i dei to eksisterande kommunevåpena.

– Det kan verke som om mange meiner det er viktig å få fram at det er to kommunar som er blitt til éin ny kommune, seier han.

– Kva er prosessen vidare no?

– Alle dei 53 innkomne forslaga vert lagde fram for dei respektive kommunestyra for uttale, før det vert endeleg vedteke i Fellesnemda.