Hovudutval fior opplæring har i dag vedteke opplæringstilbodet for neste år for dei vidaregåande skulane.

På førehand hadde næringslivet i Stryn og Hornindal spelt inn sterke ønskje om å få TIP tilbake til Stryn vgs. Det låg ikkje inne TIP-linje i tilrådinga frå fylkesdirektøren, men utvalet vedtok i dag at dei vil ha eit sterkare samarbeid mellom skulane. I dette viser dei til innspel frå både næringsliv, fagopplæringsnemnda og skulane sjølve.

Det vil seie at alt frå hausten av vil hovudutvalet at elevar ved TIP (teknikk og industriell produksjon) ved Eid vidaregåande skule skal få høve til å ta den yrkesfaglege fordjupinga utplassert hos bedrifter i Stryn.

- Dette føreset at næringslivet i Stryn legg til rette for slik utplassering, seier Sonja Øvre-Flo (H), medlem av Opplæringsutvalet. Ho hadde sjølv på førehand spelt inn ein modell for samarbeid mellom Eid og Stryn som eit alternativ, og seier ho fekk positiv respons på dette innspelet.

Før skuleåret 2019–2020 vil houvudutvalet at det skal utgreiast om ein større del av opplæringa enn berre praksisdelen kan skje fordelt på fleire stader, nettopp for å møte lokale behov for kompetanse. - Det skal særleg vurderast i kva grad delar av opplæringa kan finne stad nær bedriftene, samstundes som elevane blir tekne i vare, heiter det i vedtaket.

Hovudutvalet ønskjer at utgreiinga skal legge til rette for eit forsøk med slike fleksible opplæringstilbod frå skuleåret 2019–2020.

Utvalet ønskjer at fylkesrådmannen særleg vurderer moglegheitene for samarbeid om TIP ved Eid vidaregåande skule i samarbeid med Stryn vidaregåande skule, Helse- og oppvekstfag ved Mo og Øyrane vidaregåande skule i samarbeid med Høyanger vidaregåande skule og Bygg- og anleggsteknikk ved Mo og Øyrane vidaregåande skule i samarbeid med Dale vidaregåande skule.

- No er eg veldig glad på vegne av næringslivet i Stryn. Dette var det beste alternativet vi kunne oppnå, når vi ikkje kunne få TIP-linje ved Stryn vgs. Vi har kjempa med nebb og klør for å få til ei tenleg løysing. NO er det opp til næringslivet å nytte seg av mogelegheitene og stille opp med praksisplassar, og opp til skulane å utvikle gode modellar. Men dei samarbeider allereie så godt om andre modellar at eg ikkje er i tvil om at dei vil få til eit godt samarbeid også her, seier Øvre-Flo.

Stryn vgs og Eid vgs samarbeider m.a. om enkelte realfag og har også hatt eit utstrekt samarbeid mellom elektrofag og helsefag om velferdsteknologi.

Frå presentasjonen ein del av det TIP-baserte næringslivet heldt for Hovudutval for opplæring på Stryn vidaregåande skule i oktober. Foto: Roger Oldeide

Opplæringstilbodet blir elles lyst ut som i tilrådinga frå fylkesdirektøren, men utvalet vedtok i tillegg å lyse ut vg1 medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule. Utlyst opplæringstilbod for skuleåret 2018–19 ser slik ut på dei ulike skulane.