Ved starten av 2017 vedtok kommunestyret å etablere eit Oppvekstsenter i Vikane med ein barnehage samlokalisert med skulen i Innvik. Dette for å møte noverande og framtidig barnetal, styrkje tilbodet for borna, betre overgang barnehage/skule, betre ressursutnytting og sikre eit større fagleg miljø for pedagogane.

I kommunestyremøtet 29.11.2017 skal politikarane prioritere tiltak for 2018. Rådmannen foreslår i sitt utkast å vidareføre den mellombelse løysinga med barnehage i Utvik og skule i Innvik, etableringa av Oppvekstsenter er då utsett til år 2020.

Rådmannen vel ei «Rolls Royce»-løysing

Den løysinga som rådmannen foreslår med komplett ny barnehage til 10 millionar er langt utover den lokale forventninga. Rådmannen si tilråding syner heller ikkje dei opplagde innsparingane knytt til lågare straumkostnader, samt mindre kostnader til buss og transport av born og leiing. Utgreiinga til arkitekten syner tre gode og framtidsretta løysingar i kostnadsleiet frå 4,0 millionar. Skule- og kultursjef stadfesta i utvalsmøtet den 14.11.2017 at alle tre er godkjende løysingar.

Utsetjinga kostar 300.000 i 2018-budsjettet

Foreldra gjorde før vedtaket i vår merksame på betydelege avvik frå branntilsyn i Utvik, og stilte spørsmål ved tryggleiken. Svaret frå administrasjonen var at dette vart dekka over driftsbudsjett. Det er difor oppsiktsvekkjande å lese at administrasjonen no, eit knapt halvår seinare, legg til betydelege investeringar til brannsikring i Utvik. Når den mellombelse løysinga skal gjelde til 2020 foreslår rådmannen no å bruke 300.000 på branntiltak i Utvik i 2018 – pengar som kan vere spart om ein vel å prioritere å etablere Oppvekstsenter i Innvik i 2018- budsjettet.

Dagens organisering kan være ulovleg

Vi har hatt kommunikasjon både med administrasjonen og Fylkesmannen i høve organisering og drift av barnehage i Vikane. Det prinsipielt viktige skilje er om løysinga i Vikane vert definert som to separate driftseiningar, eller om det er eit Oppvekstsenter. Etter tilbakemeldinga kan det sjå ut til at det ikkje er lovleg å drifte ein barnehage i Utvik og ein skule i Innvik som eit Oppvekstsenter, grunna avstanden mellom dei. Om dette er rett må kommunen omorganisere leiingsressursane for å halde seg til gjeldande lovverk.

Om ein vel å vidareføre den mellombelse løysinga med barnehage i Utvik, vil det kunne medføre auka kostnadar til leiing allereie i 2018 budsjettet.

SFO

Det er eit viktig samspel mellom drift av SFO, skule og barnehage. SFO kan vere ei viktig avlastning for barnehagen i høve henting og levering og ein kan utnytte personalet på tvers mellom dei to. I tillegg vil ein barnehage være med på å støtte opp om muligheita for å drive SFO i år med lave søkartal.

Alle tilrådingar er klare

Vedtaket om å etablere eit Oppvekstsenter er fatta, og vi vil berre minne om at dette er eit vedtak som er støtta frå leiinga ved skule og barnehagen og det høver med pendlemønsteret. Eit Oppvekstsenter sikrar eit godt pedagogisk fagmiljø og gir betre utnytting av ressursane mellom barnehage, skule og SFO.

Vi håpar politikarane prioriterer eit Oppvekstsenter i 2018-budsjettet, og dermed unngår å bruke pengar på kortvarige løysingar. Det er til beste for både barna og kommuneøkonomien!

Harald Røyrvik

Innvik Bygdeutvikling