Det vart orientert om viktige trafikktryggingstiltak i Stryn kommune på politikardagen på Skei fredag.

Ordførar Sven Flo orienterte om behovet for gang- og sykkelvegen mellom Loen og Solvik/Rake i sitt innspel til fylkespolitikarane.

–Fylkespolitikarane må prioritere dette prosjektet slik at det kjem i posisjon til å bli prioritert i budsjettet, seier Flo.

Trafikktal må leggjast til grunn

Flo la fram trafikktal for 2017 i Loen, og han meiner desse tala må leggjast vekt på.

– Det viser seg at tala frå 2017 er høgare enn tala frå andre gang- og sykkelvegar som er prioritert av politikarane. Loen er eit vekstsenter, og utviklinga i Loen samlar mykje folk som igjen genererer meir trafikk, seier Flo vidare. Han kom også inn på bustadtomter på Rake:

– Statens vegvesen seier at gang- og sykkelveg må på plass først. Eg meiner det er ein vinn/vinn-situasjon for fylket om vi får fleire til å busetje seg her i Stryn. Kommunen prioriterer dette prosjektet, og vi er av den klare forventning at fylkespolitikarane vil gjere det same.

Flovegen

Brynjar Flo i Rasskikringsgruppa på Flo orienterte om behovet for tunnel på fv 722 til Flo.

– Vi har jobba lenge mot målet om å få tunnel, og det var viktig at vi var til stades og heldt denne orienteringa. Stryn kommune skal godkjenne reguleringsplanen, og høyringa er avslutta. No er det opp til fylkespolitikarane å løyve pengane til tunnel, seier Brynjar Flo, som i sitt innspel la vekt på optimismen som rår på Flo.

– Det er ei bygd prega av optimisme, og fleire flyttar heim med familie for å ta over gardane, fortel Flo, som streka under kor viktig det vil vere med tunnel på den rasutsette vegen.

Oldedalsvegen

Inge Melkevoll var mellom dei som la fram nødvendigheita for utbetring av flaskehalsar på fv 724 i Oldedalen.

– Sju kilometer er framleis ikkje rusta opp til det ein kan kalle noko lunde standard, og trafikkavvikling ved Gåshammaren mot Fossvega er eit av fleire kritiske punkt.

Vi ber om at dette blir teke som eit strakstiltak for neste sesong, då det er ein kraftig auke i t.d. shuttletrafikk frå cruisekaia, samtidig som at bussane blir stadig større, seier Melkevoll, som kryssar fingrane for at Oldedalsvegen får gehør når budsjettet skal handsamast. Han har også håp om at skredsikringstiltak ved Heimefonna kjem med.