– Utforkøyringa rett før krysset til Seljeset søndag kveld skjedde på ein stad med bratt kant. Difor sette vi straks i gang forsterking av veggrøfta. Så vert det sett opp autovern her så snart det let seg gjere, seier Lars Karlsen, prosjektleiar drift og vedlikehald ved Statens vegvesen Fjordane.

Entreprenør Kveen har dei siste par dagane lagt på ein utvida kant av pukk frå busstoppen til vegkrysset. Dermed vert vegskuldra noko forsterka samtidig som det vert plass til autovern.

– Vi har gått over strekninga etter dei mange utforkøyringane, og har no sett i gang to lag som vil sjekke over brøytetsikkene. Vi vil supplere med fleire stikker og setje desse nærare asfaltkant, samtidig som vi rettar opp stikker som er køyrde ned, opplyser Karlsen.

Også tysdag kveld var to vogntog i grøfta, denne gang ved Raftevold nokre hundre meter lenger inn enn der vogntoget velta søndag kveld. Det eine vogntoget kom seg laus ved eiga hjelp, det andre måtte ha bergingsbil.

I grøfta: Tysdag køyrde eit vogntog i grøfta på Raftevold. Foto: privat
Bratt kant: Veggrøfta der vogntoget velta utfor er bratt. Om kort tid kjem det opp autovern. Foto: Bengt Flaten