Norske elevar er gode på å løyse problem saman, ifølgje nyePisa-tal. Norge plasserer seg over OECD-snittet, men det erskilnadar mellom jenter og gutar.

Pisa sin kunnskapstest er knytt tilmatematikk, lesing og vitskap. Men tala som vart lagt ut tysdag, erein test på eit fjerde område – nemleg samarbeid mellom elevar.

Norge får i alt 502 poeng, som er over OECD-gjennomsnittet, oghamnar på 19. plass av totalt 51 land som er med i undersøkinga.Land som scorar høgt, er Japan, Sør-Korea, Singapore, Canada,Estland og Finland. Gjennomgåande blant alle landa er at jenterviser betre evne til å samarbeide enn gutar.

Norge, som har lågaresnittpoeng enn både Sverige og Finland, har eit mindre gap mellomgutar og jenter. Norske jenter får 518 poeng for samarbeidsevne,mens norske gutar får 487 poeng. Samtidig er gapet mellom svenskejenter og gutar på 42 poeng, mens gapet mellom finske jenter oggutar er på heile 48 poeng.

Undersøkinga, som er gjennomført på15-åringar, viser at det ikkje er forskjell mellom elevar frå ulikesosiale bakgrunnar eller mellom innvandrarar og ikkje-innvandrarar.Men skular og klassar med elevar frå ulike bakgrunnar gjer detbetre.

Undersøkinga vart utført i 2015, i samband medkunnskapstesten, men tala om samarbeidsevnene til elevane eroffentleggjort først no. Testen av samarbeidsevna vart utført pådata. Elevane gjennomførte eit simulert gruppearbeid der dei jobbamed virtuelle, datastyrte klassekameratar.

(©NPK)