A-postordninga blir avvikla ved årsskiftet. Tidlegare i haust uttalte Senterpartiets Kjersti Toppe at ho var bekymra for at dette ville gå ut over pasientane i usentrale strøk fordi det kunne ta lengre tid å sende prøvar frå legekontor til laboratorium.

No har Sjukehusinnkjøp forhandla fram ein avtale med Posten AS på vegner av helseføretaka.

– Det har vore viktig for oss å få denne avtalen på plass i god tid før nyttår. Posten Noreg AS skal no levere laboratorieprøvar til eit fornuftig prisnivå, noko vi er godt fornøgde med, seier administrerande direktør Kjetil Istad i Sjukehusinnkjøp HF.

Tenesta helseføretaka kjøper heiter "Bedriftspakke ekspress over natta". Prisen skal vere den same over heile landet.

Avtalen skal også sikre utkøyring laurdagar, slik at blodprøvar som blir sende fredag, vil komme til laboratoria neste dag.

– Sjølve prisen er forhold mellom avtalepartnarane, men avtalen sikrar no at sjukehusa kan avgrense sine kostnadsaukar når A-postordninga blir avvikla ved nyttår, seier Istad.

(©NPK)