Ikkje overraskande gjekk Fellesnemnda inn for same vedtak som Hornindal kommune har landa på i spørsmålet om grensejustering mellom Stryn og Hornindal.

Det betyr at også Fellesnemnda seier seg samd i at den delen av Maurset som ligg i Hornindal kommune samt Øyane (Øen) vert flytta over til Stryn kommune. Dette er og i samsvar med kva eit stort fleirtal av innbyggjarane på Maurset har ytra ønske om.

Fellesnemnda er dermed av same klare oppfatning at resten av Kjøs grunnkrins skal tilhøyre Hornindal og dermed nye Volda kommune.

– Fagleg og sakleg balansert

Voldarådmann og rådmann i nye Volda kommune, Rune Sjurgård, er den ansvarlege for saksutgreiingar til Fellesnemnda. Sjurgård var først ute med å gje ros til Hornindal-rådmann Ann Kristin Langeland for saksutgreiinga ho har utarbeidd.

– Eg ser ingen grunn til å skrive nokon ny saksutgreiing. Rådmannen i Hornindal har skrive ein veldig god saksutgreiing som er både fagleg og sakleg balansert, sa Sjurgård.

Volda-ordførar Jørgen Amdam følgde opp:

– Dette er ei temmeleg eksemplarisk utgreiing. Vi må sørge for at det blir laga noko tilsvarande når det gjeld Bjørke, der ein får fram objektive data på ein best mogleg måte.

– Det er veldig naturleg at vi i Fellesnemnda sluttar opp om det Hornindal kommune har gjort i denne saka. Eg sjølv har lært veldig mykje ved å setje meg inn i den saksutgreiinga som er utarbeidd, sa Fride Sortehaug, varaordførar i Volda.

Kan tape 3,9 millionar årleg

I saksutgreiinga si har Langeland gjort greie for konsekvensar ved både liten og stor grensejustering, både når det gjeld økonomiske konsekvensar for kommunen og press på det kommunale tenestetilbodet dersom heile Kjøs grunnkrins skulle bli lagt over til Stryn kommune. Årleg inntektstap ved den mest omfattande grensejusteringa vil i følgje Langeland sitt reknestykke vere nær 3,9 millionar kroner.

Fristen for å uttale seg om grensejusteringa er sett til 22. november. Innan 22. desember skal Fylkesmannen kome med si tilråding overfor Kommunal- og regionaldepartementet.