– Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar framlegget om ei justering av kommunegrensa mellom Hornindal og Stryn kommunar, slik at Kjøs grunnkrins, inkludert Markane, vert ein del av Stryn kommune, står det i tilrådinga frå Fylkesrådmannen, som vart vedteke i fylkesutvalet onsdag.

Fylkesrådmannen legg særleg vekt på at grensejusteringa vil kunne få konsekvensar for framtidige kommunikasjonar og samferdsle i Nordfjord.

– Fylkesrådmannen støttar dette alternativet ved å peike på at heile området Kjøs/Markane også for framtida vil utgjere eit strategisk svært viktig knutepunkt for Nordfjord-regionen, også når dei nye regions- og fylkesgrensene kjem på plass, står det vidare i vedtaket.

Også grunnlaget for å oppretthalde det vidaregåande opplæringstilbodet på dagens nivå meiner ein blir styrka gjennom ei slik grensejustering.

Det er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som skal kome med endeleg tilråding til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, før dei gjere vedtak om grensejusteringa.