Pinnekjøt og dampemør er lokal julemat god som gull, det meiner dommarane i NM i kjøtprodukt. Slikt vert det gullmedaljer av.

Heile 59 kjøtprodusentar og 10 vidaregåande skular deltok i årets NM i kjøtprodukt. Fagkonkurransen har tradisjon heilt tilbake på 1980-talet, og får stadig større oppslutnad i brajsen. Medaljene heng høgt.

530 påmelde produkt

– I år var det heile 530 produkt påmelde, med spesielt fokus på jul og pålegg. Det har vore rekordmange bedrifter påmelde og kampen har vore beinhard, seier Svein-Erik Eide, sjef for kommunikasjon og medlemskontakt i Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund.

– Poenget med kåringa er å gje norsk kjøtindustri ei uavhengig og fagleg tilbakemelding på produkta sine. Dei blir også sett opp mot konkurrentane sine produkt. Det er ingen tvil om at NM i kjøtprodukt over tid er med på å heve kvaliteten på norske kjøtprodukt, seier Eide.

16 dommarar

NM-døminga vart gjennomført på Etterstad videregående skole i Oslo, der heile 16 dommarar og fem kokkar var i sving.

Råvare, utsjånad, lukt, smak og konsistens vart vurdert av uavhengige fagfolk med lang erfaring frå kjøtfaget. Testinga er blindtest, ingen av dommarane veit kvart produkta kjem frå.

Ringdal: Dagleg leiar Ole A. Ringdal håva også inn gullmedaljer.

72 typar pinnekjøt

I nokre klassar vert det kåra ein norgesmeister blant gullmedaljevinnarane.

Nordfjord AS har vorte kåra til NM-vinnar to år på rad for pinnekjøtet sitt, men måtte dette året sjå at tittelen gjekk til Unil AS. Konkurransen var stor:

– Heile 72 forskjellige typar pinnekjøt og like mange julepølser, fortel Svein-Erik Eide.

Blant dei mange innsende bidraga lukta, smakte og vurderte kokkane seg fram til tre gullmedaljevinnarar i klassen for urøykt pinnekjøt. Ein av desse vart Nordfjord Kjøtt AS. Loen-verksemda kunne også hente heim gull for julemør og lutefiskbacon, og sølv for medisterkaker og sossiser.

Ole Ringdal AS kunne også notere seg for trippelgull: Gull for bacon i terningar, ribberull og kokt ringdalsmør, dessutan sølv for pinnekjøt (røykt).