Breimsbygda Skisenter kunne tysdag denne veka invitere til ein første smakebit på skisesongen på Utvikfjellet. Då var tautrekk og den mellomste heisen open for gratis bruk.

Dei håpar å opne for fullt komande helg, men er usikre på om storeheisen vil vere i drift.

- Vi har følgeskadar fra lynnedslag som vi slit med, men vi håpar å få det i orden til helga slik at vi kan gi full gass frå laurdag av, seier driftssjef Runar Kleppe.

Hornindal Skisenter som har slite med tekniske problem, fortel på facebook-sida si at dei er klare for sesongopning laurdag. Det vert meldt om gode forhold med 1,5 meter snø i øvste del av anlegget og trekket ope til topps.