– Det er svært gledeleg at det er gjennomslag for å fjerne maskinskatten, seier Heidi Finstad, adm. dir. i Treindustrien, bransjeorganisasjon for trelastindustri, limtrefabrikker, impregneringsverk og produsentar av andre trebaserte byggje- og emballasjeartiklar.

I Høgre, Frp, Venstre og KrF sitt budsjettforlik er skatt på maskiner og installasjonar fjerna.

Gjennomslag for norsk treindustri

– Dette er eit viktig gjennomslag for norsk treindustri, seier Heidi Finstad i ei pressemelding.

– Vi vil gje honnør til Regjeringa. Dette betyr mykje for norsk industri, og ikkje minst for arbeidsplassar og verdiskaping i distrikta,

Finstad seier at når eiendomsskatten no vil verte betydeleg redusert gir det auka konkurransekraft for norsk industri.

– Det betyr svært mykje for mogelegheitene til å investere i ei tid der etterspurnaden etter bygg i tre aldri har vore større, seier Finstad.