– Vi er tjue jordvernorganisasjonar, jordvernforeiningar og vanlege folk som er samla her i fordi vi er bekymra for at den mest verdifulle ressursen vår, matjorda vår, stadig blir rasert og lagt under betong og asfalt, sa 2. nestleiar i Bondelaget, Frøydis Haugen då ho opna den regnvåte markeringa framfor Stortinget.

Ho minte om at Stortinget for snart to år sidan vedtok ein nasjonal jordvernstrategi med klare mål om å redusere nedbygginga av matjord.

– Det var ein stor dag. Vi feira med kake og stor ståhei. Sidan den gongen har det skjedd lite, og mange er bekymra. Difor er vi her i dag, sa nestleiaren i Bondelaget.

– Stort utbyggingspress

Ho peikte på at omsynet til matjorda stadig blir sett til side til fordel for fleire bustader, vegar og kontorbygg.

I oppropet blir det peikt på at berre 3 prosent av fastlandet i Norge er eigna til å produsere mat, men at norske politikarar i fjor likevel vedtok å byggje ned over 6.000 dekar dyrka matjord.

– Det svarar til 840 fotballbanar, heiter det i oppropet.

Stortinget har sett som mål at det innan 2020 ikkje bør omdisponerast meir enn 4.000 dekar kvart år. Det meiner dei 20 organisasjonane framleis er altfor mykje. Dei krev eit langt sterkare vern av matjorda.

Krev sterkare juridisk vern

I oppropet blir det vist til at presset på matjorda er stort, og at Bergen bystyre nyleg vedtok å omdisponere 1.000 dekar matjord til bustad- og næringsformål. Saka er ifylgje jordvernorganisasjonane ikkje unik. Dei krev difor eit sterkare jurdisk vern av matjorda.

– Det må også etablerast betre planleggingsverktøy og eit matjordbudsjett som viser om det trengst nye tiltak for å nå jordvernmålet til Stortinget, heiter det i oppropet.

Desse organisasjonane stod bak markeringa: Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Natur og Ungdom, Norges Bygdeungdomslag, Norges Naturvernforbund, Naturviterne, Sabima, Spire og jordvernforeiningane i Vestfold, Møre og Romsdal, Buskerud, Trøndelag, Bømlo, Telemark, Nordland, Oslo og Akershus.

Varslingar frå heile landet

Saman med oppropet fekk leiaren i næringskomiteen, Geir Pollestad (Sp) overrekt eit norgeskart med oversyn over truga matjord. Kartet byggjer på meldingar Bondelaget har fått inn over korleis folk opplever at matjorda er truga rundt om i landet.

– For litt over to månader sidan utfordra vi folk til å plotta inn saker der dei opplever at matjord er truga. Responsen var overveldande. Vi har fått inn over 200 varslingar frå folk i heile landet, seier Frøydis Haugen.

Ho meiner dette viser at presset er stort, og at jordvern ikkje berre er ei sak som vedkjem bønder, men alle som er opptekne av norsk mat.

På dagsorden på nyåret

Bondelaget peikar elles på at både Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne i haust har fremja eigne representantforslag i Stortinget med fleire tiltak for å gje matjorda eit sterkare vern mot nedbygging.

– Det ligg no to forslag hos Næringskomiteen som skal behandlast innan utgangen av januar, og vi kjem til å følgje denne saka veldig tett framover, seier Haugen.

Nestleiaren i Bondelaget seier dei to forslaga både dreier seg om såkalla opsjonsavtalar og eit sterkare juridisk vern for matjord generelt.

Ein opsjonsavtale vil seie at ein utbyggjar kan gjere ein avtale med ein grunneigar om å få førsterett til å byggje ut området viss det blir omdisponert.

– Her er det ofte ein god del pengar involvert. Ansvaret med å stå imot desse opsjonsavtalane kan ikkje leggjast på kvar enkelt grunneigar. Vi meiner dette bør løftast på eit høgare nivå. Det bør vere ei offentlegheit rundt desse opsjonsavtalane, viss vi i det heile skal ha slike avtalar, seier Frøydis Haugen.