Jarle Midthjell Gjørven håpar på å bli kvitt forkjølinga som har plaga han denne veka.

I helga går første renna i DNB Cupen av stabelen på Geilo, og det er sprint og fellesstart som står på programmet.

Midthjell Gjørven håpar han blir frisk nok i tide til å stille på startstreken:

– Akkurat no er eg forkjølt, og det er difor eg ikkje gjekk på Sjusjøen sist helg. Eg håpar eg rekk å bli frisk, men det blir på håret, seier 24-åringen, som har vore i bra slag før sjukdomen slo til.

Håpar på ei pallplassering

– Korleis har det gått i sesongoppkøyringa elles?

– Det har gått rimeleg bra, og etter at snøen kom har det i grunn gått endå betre. Målet er å vere mykje oftare innanfor topp 10 i konkurranse, og ei pallplassering har eg lengta lenge etter, fortel Markane- løparen.

Meland håpar på betre form

John Eirik Meland skaut feilfritt på Sjusjøen, noko han er tilfreds med:

– Ja, det var viktig at eg fekk svar på at skytinga sit. Eg håpar den fysiske forma er betre allereie til helga, eg er litt skuffa over at forma ikkje var på plass til opningsrennet.