Formannskapet vedtok å utsetje godkjenning av årsbudsjettet for 2018 til neste møte, komande onsdag.

Årsaka til utsetjinga, som var samrøystes, er at formannskapet vil sjå nærare på forskrift om foreldrebetaling i kommunale barnehagar, samt utleigesatsar skular og barnehagar og leigeprisar i Stryn kulturhus.

Rådmann Rune Hovde orienterte formannskapet om det komande budsjettet for 2018 og økonomiplanen som gjeld perioden 2018–2021 i møtet onsdag. Hovde varsla at det må gjerast tiltak for å frigjere totalt 15 millionar kroner i perioden fram mot 2021.

Prosjekt 2018

Rådmannen føreslår at ein komande år skal gjennomføre eit prosjekt som skal gå gjennom organisasjonen, og måten den løyser oppgåvene sine på i åra som kjem.

– Målsetjinga med dette prosjektet er å frigjere fem millionar kroner årleg, i tillegg til innsparing i 2018, frå og med budsjettåret 2019.

Bruk av fond

Med desse innsparingane vil kommunen måtte bruke av disposisjonsfondet for å balansere drifta i 2018. Rådmannen ber kommunestyret vurdere om alle tiltak som ligg i økonomiplanen frå tidlegare vedtak skal vere med vidare framover.

– Om tiltaka blir med vidare er det sjølv med innsparingar i drifta på over sju millionar kroner årleg frå 2018/2019, samt at vi unngår renteoppgang, ikkje rom for nye tiltak frå 2021 og utover, opplyste Hovde vidare.

Store prosjekt

I rådmannen sitt framlegg er utbygging av Tonning skule og ombygging av Storesunde til barnehage og ny veg dit prioritert. Hovde sa at dette er store prosjekt, og at desse saman med tiltak som mellom anna ny barnehage i Innvik utgjer ein stor sum som må finansierast i økonomiplanperioden.

Kva med Loen?

– Eg er positiv til oppvekstsenter i Innvik, men vi kan ikkje sjå vekk frå barnehagebehovet i Loen og Stryn som er store pressområde. Difor må Loen synleggjerast i budsjettet før det er for seint, sa Aud Løvlid (H), som fekk støtte av ordførar Sven Flo. Ei løyving på 50.000 kroner til Gamle Innvik ullvarefabrikk er også ute av budsjettframlegget.

– Dette bør kommunen ta seg råda til. Eit slikt bidrag vil generere meir dugnadsaktivitet, sa Astrid D. Raftevold (Sp).