Næringslivet i Stryn har arbeidd hardt for å få tilbake TIP (teknikk og industriell produksjon) som tilbod ved Stryn vidaregåande skule. Samansetjinga av næringslivet i Stryn, behov for og tilbod om lærlingplassar tilseier at det ville vere fornuftig både for elevane og næringslivet.

Hovudutval for opplæring ville ikkje innfri dette ønsket. Derimot har politikarane sett på saka med nye auge og signalisert at dei ønskjer ein ny samarbeidsmodell mellom Eid og Stryn vgs. Eid har tilbod om TIP i dag, Stryn har ikkje. Fråveret av TIP i Stryn har nok ført til at færre elevar frå Stryn og Hornindal har søkt TIP dei siste åra.

Håpet er at eit samarbeid kan endre dette bildet, til gode for elevar og bedrifter. Samarbeidsmodellen som er skissert går i første omgang ut på at elevar ved TIP ved Eid vidaregåande skule skal få høve til å ta den yrkesfaglege fordjupinga ved bedrifter i Stryn. Som neste steg ønskjer politikarane ei utgreiing på om ein større del av opplæringa enn berre praksisdelen kan vere fordelt på fleire stader, og nær bedriftene.

Om næringslivet ikkje har fått oppfylt primærønsket om TIP tilbake heilt og fullt i Stryn, viser vedtaket at utvalet har oppfatta dei klare signala, og er villige til å sjå etter løysingar som er betre enn i dag. Det er betydeleg betre enn å avvise dei klare ønska utan å gå inn i saka.

Vestlandet

Diskusjonen om namnet på den samanslegne regionen av Sogn og Fjordane og Hordaland har gått til dels høgt i nabofylka Møre og Romsdal og Rogaland. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har bede Stortinget om å endre namnet, med den grunngjeving at det vert feil av to fylke å leggje beslag på eit namn som femnar om fire fylke.

Fylkesordføraren i Sogn og Fjordane forsvarar namnevalet blant anna med at nabofylka var inviterte til å vere med i stor-regionen, og at dei dermed var kjende med namnet. Det er ei dårleg forklaring. Vestlandet hadde vore eit fint namn dersom alle fire slo seg saman. Når berre to fylke går saman, skapar namnevalet splid. Ansvaret for det kviler på dei som har vald namnet.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør