Det er nokre av signala som kjem frå den nye eigaren av hallen. Tidlegare denne månaden hadde kommunen eit møte med brukarar. Dei har mange ulike ønske framover. Rehabilitering av i første rekkje golv, tak og lys, ligg inne som forslag i budsjettet og økonomiplanen.

– Det blir ingen endringar i drifta før etter nyttår, orienterte skule- og kultursjef Hilde Lødøen til skule- og kulturutvalet. Alle avtalar blir sagt opp, og ein må inngå nye. Når det gjeld regulering av prisar, har kommunen mulegheit til å sette ned prisane for born og unge under 16 år. Samstundes som vaksne kanskje må betale litt meir.

– Dei frivillige organisasjonane skal betale minst, medan dei private aktørane må kanskje betale noko meir frå neste år, sa avd.leiar for kultur, Myrtel Thomassen. Ein må også finne ei god ordning for kiosken, sidan fleire aktørar er interessert i å ta over drifta av denne.

Parkeringsavgift ved hallen kan også bli aktuelt. Korleis løyse dette i praksis vart diskutert på utvalsmøtet.

Det er mange omsyn å ta for den nye halleigaren. Difor har dei valt å bruke tid før ein endrar ting, fortalde Lødøen.