Det er den klare meldinga frå Oli Sveinsson, trenar for Stryn sitt 2. divisjonslag i handball, før kampen mot Kjøkkelvik laurdag.

Med to poeng på seks kampar nærmar det seg tidspunktet der ein siger vil vere nødvendig for at ikkje avstanden til laga over nedrykksstreken skal bli for stor.

– Spelarane må opp mange hakk til kampen på laurdag. At laget står utan siger så langt stressar ikkje islendingen:

– Vi må berre fokusere på det vi kan gjere betre, og samtidig vise litt krigarinnstilling. Han melder om litt småsjukdom i laget, men at dei det gjeld vil bli klare til helga.

Lovro Kresic seier han vil kunne spele delar av kampen, trass eit dårleg kne. Gunnar Lindal Sigurdsson, som framleis står registrert i Stryn handball, blir truleg også med.