Markane IL er ein av tre klubbar i landet som er med i eit pilotprosjekt der fokuset er presisjon i skytinga.

Pilotprosjektet er eit samarbeid mellom DFS (Det Frivillige Skyttervesen) og Norges Skiskyttarforbund.

– Dette er eit prosjekt der DFS har inngått avtale med eitt lag i kvar landsdel (Markane i Vest-Norge), og målet er å få opp skyteferdigheitene til skiskyttarane. Jarle Tvinnereim har vore ein pådrivar av prosjektet og har vore med og laga avtaler i alle regionane. Han var også med på møtet då vi inngjekk avtale, seier Nils Heggdal i skiskyttargruppa. Skytetreningane på den innandørs skytebana i Hornindal er allereie godt i gang, og med god deltaking.

Med instruktørar

Paul Andreas Hatledal er engasjert som skyteinstruktør.

– Paul Andreas er ein erfaren instruktør, og sist han dreiv med dette var for 8-9 år sidan. Då hadde han til dømes Johannes Thingnes Bø, Jarle Midthjell Gjørven og den gjengen på liknande opplegg, fortel Heggdal.

– I tillegg har vi med ein eller to ekstra instruktørar frå skyttarlaget. Fordelen med dette er sjølvsagt og at ein får fullt fokus på berre skytinga, og teknikk rundt det. Det kan av og til vere vanskeleg i «ver og vind» på Ullsheim. Heggdal og dei andre i skiskyttargruppa har stor tru på at prosjektet vil gje resultat på sikt:

– Det har vel vist seg ved fleire høve at dei som skyt best innandørs eller på bane også er dei som går færrast strafferundar til vinteren.

Lærerikt

Ein av dei som er med på opplegget er skiskyttartalentet Oskar Guddal Breivik. Han synest det er lærerikt å delta:

– Dette er eit godt alternativ til å trene på presisjon og terping for å treffe blinken til vinteren. Når vi trenar inne slepp vi også vind, våte matter og kalde fingrar. Då kan vi trene med fullt fokus, og utvikle oss til betre skyttarar. Kanskje det er dette som gjer forskjellen på bom og treff seinare, seier Guddal Breivik.

Også dei yngste er med

– Prosjektet er i hovudsak retta mot utøvarar i alderen 11-16 år, men vi har opna opp for at dei yngste også får vere med på dette tilbodet frå første stund. Det blir spennande å sjå kva utslag dette får framover, seier leiar i skiskyttargruppa, Monica Halsteinslid.