Det er i ei landsrepresentativ spørjegransking frå Norsk medborgerpanel det kjem fram at mange er likegyldige til reforma.

– Slik den undersøkinga står fram verkar det som spørsmålet om kommunereforma ikkje er særleg brennheitt blant folk flest. Heile 46 prosent av dei som deltok svarte at dei ikkje hadde meiningar om kommunereforma. Mange har kanskje ikkje fått med seg kva ei eventuell samanslåing inneber, seier Bjarte Folkestad til Nynorsk pressekontor.

Folkestad er ein av forskarane som har jobba med rapporten "Lokale folkeavstemninger om kommunesammenslåing: Praksis og prinsipper." Rapporten, som blei publisert midt i november, tek for seg dei lokale folkerøystingane som har blitt haldne i samband med den kommunereforma.

Lokalpolitikarar vil respektere folket

Folkestad og dei andre forskarane har mellom anna intervjua ordførarar, kommunepolitikarar, rådmenn og andre lokale aktørar i samband med rapporten. Intervjua peikar på at politikarar og lokal administrasjon i stor grad er opptekne av å respektere resultata frå ei rådgjevande folkerøysting.

– Totalt gjennomførte vi 29 intervju i 13 case-kommunar. Det er heilt tydeleg at politikarar og kommuneadministrasjon ønskjer å respektere valresultata frå dei rådgjevande folkerøystingane, seier Folkestad.

– Kvifor blir det så viktig for politikarane å respektere folkemeininga når mange er likegyldige til reforma?

– Det er klart at politikarar som står midt oppe i reforma har eit heilt anna forhold til den enn folk flest. Det er nok hovudårsaka til at dei ønskjer å respektere folkemeininga, fortel Folkestad.

Lokale variasjonar

Undersøkinga frå Norsk medborgerpanel tek ikkje for seg lokale variasjonar. Det er difor vanskeleg å seie noko konkret om kvar ein bryr seg minst om reforma og kven som bryr seg minst om reforma.

– Deltakinga i folkerøystingane har variert frå 10 prosent til rundt 75 prosent. Det viser at det eksisterer lokale variasjonar rundt engasjementet, men kvar engasjementet er størst har vi ikkje vi sett noko på, avsluttar Folkestad.

Norsk medborgerpanel er finansiert av Universitetet i Bergen / Uni Research Rokkansenteret. 2108 respondentar deltok i den undersøkinga.

(©NPK)