Ved utgangen av november var det 784 heilt ledige i Sogn ogFjordane. Det er 128 færre enn for eitt år sidan og svarar til einreduksjon på 14 prosent. Med ei arbeidsløyse på 1,3 prosent, harSogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet, går det fram av ei pressemelding frå NAV.

– Auka bruk avarbeidsmarknadstiltak og få permitterte bidreg til den positiveutviklinga, men vi har også ein generelt god arbeidsmarknad. Vi kanogså glede oss over at resten av Vestlandet har solid nedgang iarbeidsløysa etter ein tung periode som følgje av oljekrisa, seierdirektør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

På landsnivå erarbeidsløysa redusert med 18 prosent frå same månad i fjor. Det erno 64.216 heilt ledige, tilsvarande 2,3 prosent av arbeidsstyrken.Mange kommunar med nedgang 16 av kommunane i Sogn og Fjordane harein reduksjon i arbeidsløysa i november, medan tre har uendraarbeidsløyse. Størst reduksjon har Vågsøy med 23 færre ledige ennpå same tid i fjor.

I dei kommunane som har ein auke iarbeidsløysa, er det berre snakk om ein mindre auke. Hyllestad, med3,6 prosent, har høgast arbeidsløyse i Sogn og Fjordane. Hornindalmed 0,3 prosent og Gulen med 0,6 prosent, har lågast arbeidsløyse.

Elles er det verd å merke seg at mange av dei større kommunane ifylket har svært låg arbeidsløyse. Sogndal, Førde, Eid, Gloppen ogStryn har alle ein arbeidsløyse på 1,0 prosent eller lågare.

Størst nedgang innan industri

Samanlikna med november i fjor, hararbeidsløysa gått ned i alle næringsgrupper, sett bort frå butikk-og salsarbeid og serviceyrke. Nedgangen i arbeidsløysa er størstinnan industri med 61 færre ledige og reiseliv og transport med 24færre. I industrien er det no berre 154 heilt ledige, noko som tildels skuldast låge permitteringstal. I november var det 56 heiltpermitterte i Sogn og Fjordane, 15 færre enn same månad i fjor. 18av desse kjem frå bygg og anlegg og 21 frå industri (av dette berre3 frå fiskeindustrien).

Færre langtidsledige

Vi registrerer eipositiv utvikling for dei langtidsledige, med 47 færrelangtidsledige over 26 veker, noko som svarar til ein reduksjon på22 prosent. Tilgangen avregistrerte ledige stillingar har litt uventa gått ned med 19prosent, samanlikna med november i fjor. Nedgangen er størst innanbygg og anlegg og kontorarbeid. Det er flest nye ledige stillingarinnan helse, pleie og omsorg, reiseliv/transport og industri, skriv NAV i pressemeldinga.