Sjølvtillit Anders Eikenæs og Stryn spelar to bortekampar i helga. Etter sigeren over Kjøkkelvik sist helg håpar laget på nye oppturar mot Falk Horten 2 og St. Hallvard 2 (Lier).
            (Foto: Stig Høynes)

Sjølvtillit Anders Eikenæs og Stryn spelar to bortekampar i helga. Etter sigeren over Kjøkkelvik sist helg håpar laget på nye oppturar mot Falk Horten 2 og St. Hallvard 2 (Lier).Foto: Stig Høynes

Nye tøffe bortekampar for Stryn

Etter sigeren over Kjøkkelvik sist helg er det eit strynelag med styrka sjølvtillit som set kursen austover i helga.

Stryn sine 2. divisjonsherrar i handball fekk ein solid opptur då Kjøkkelvik vart sett på plass sist helg, i ein kamp der Leon Pavlovic scora heile 20 av måla.

Laurdag og søndag er det duka for to tøffe oppgjer på Austlandet. Først ut er oppgjeret mot tabellnabo Falk Horten 2 i ettermiddag, som overraskande tukta tabelleiar FyllingenBergen 2 i sin siste kamp. Om Stryn viser same vilje og innsats som mot Kjøkkelvik bør laget likevel ha gode sjansar for å ta poeng i denne kampen.

Søndagens motstandar, St. Hallvard 2 frå Lier, ligg midt på tabellen med fem sigrar og fire tap så langt. Også her bør Oli Sveinsson sitt mannskap ha mogelegheiter for poeng.

Skadefritt

Trenar Oli Sveinsson tek med seg stort sett dei same spelarane som var med sist helg, unntaket er Gunnar Sigurdsson.

– Det ser positivt ut, og det ser ut til at alle er skadefrie, seier Sveinsson, som sjølv teikna seg på scoringslista førre helg.

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

VIDEO: Fv 722 Veslebygda–Flo

– Tunnelen vil gi slutt på engstelsen

Sambygdingane Brynjar Flo og Kolbein Fridtun har jobba for tunnel til Flo i eit tiår. Bli med dei på den skredutsette vegen som dei køyrer dagleg, heile året.

Ein femdel av NRK-lyttarane borte på eitt år

NRK har mista kvar femte daglege radiolyttar sidan FM-sløkkinga starta. Onsdag blir nettet stengt for godt for riksdekkjande kanalar.

Dagens leiarartikkel

Mørk hovudgate

Strynerådmannen kommenterer Hornindal kommune sine innspel

Rådmann Rune Hovde kommenterer i eit brev Hornindal kommune sine tilleggsopplysingar vedrørande grensejustering Kjøs krins.

Fjordingen for 10 år sidan:

Sentrumsrevy for full sal

«Såmannen» på plass

Vil busette 10 flyktningar i 2018

Rådmannen har tilrådd å busetje 10 flyktningar i Stryn kommune i 2018.