Frå 1870-talet kom det tredje hovedstadiet i utviklinga av tunet. Nå kom det ein skikkeleg byggefarang som skulle vare fram til århundre-skiftet, og gje tunet eit heilt nytt andlet.

Før vi går inn i den store byggesjauen, må vi sjå kven personar som sat på bruka på denne tida. Ei viss ætterekkje kjem ein til seinare, i Del 5.

Fem bruk – femti hus

Ein er nå kjend med at det på denne tida var fem bruk, med rundt femti hus på denne vesle avsatsen her i nedre Sølvbergstunet, rundt seksti når ein tek med det sjette bruket på Bakken, på «etasjen» ovanfor.

Brukarane var: Elias (Fjellkårstad) Sølvberg på Perbruket, sk. 1875, Isak Andersson på Isakbruket, sk. 1873, Erik Bentsen på Bentbruket. sk. 1872, Anders Nilson på Inntunsbruket, sk. 1879, Anders Mattisson på Mattisbruket, sk. 1874 og Ola Larsson på Bakken, sk. 1864.

Perstova: Rundt 70 år etter bygginga. Ikkje den beste kopi, men eit dagens bilete ville ikkje gje den gamle kjensla. Faksimile frå «Sølvbergsboka».
Inntunstova: Faksimile frå «Sølvbergsboka».

Ladene

Ja, ikkje berre ladene, det var også fjøsane, dei som var mest brysame i tunet, som forsvann totalt.

Det vart eit jantesprang inn i ei totalt ny tid. Det var då det vart innført nye ord i det norske vokabularet: Driftsbygning! Og husa blei Våningshus!

Først bygde «Perane» ny lade over gråsteinsmura fjøs på same tufta som den gamle lada, like framfor stovegavlane. Dette var den første «moderne» lade/fjøsbygningen i tunet. Ja, den første av dette slaget på lang lei.

Dette var i 1875. Lada opp på fjøsen! Genialt!

Dette var i Elias si brukstid. Han fekk skøyta same året, så han hadde nok planene klare, alt før det.

Dette løyste ut eit «ras» utan like i alle bruka i tunet. Og ikkje berre der, både på Bergset og på Ulvedal kom dei fort etter.

Ei praktlade

Isakelada blei i 1884 flytta ned på bakkekanten på nye fjøsmurar og bygd monaleg større. Dette vart ei praktlade, som det gjekk vide bisn om. Her var det Isak Anderson som var brukar. Ein person som skikkeleg ruva i historia. «Ruva» gjorde så vel kona Eli. Eit arbeidsjern utan sidestykke, som gjorde manns arbeid og vel så det!

Omtrent med Isakane bygde Bentane ny ladebygning like utanom tunelva. (I denne lada overnatta underteikna og eit par andre i høyet i «Inntunsbryllaupet»).

Inntunane bygde ny lade inne i gamletunet i 1876, året etter Perlada. Denne vart seinare flytta inn i nyetunet etter utskiftinga.

Det same med Andersane, som bygde nytt i gamletunet i 1885. Dei fann eit hol i mellom dei andre husa litt nedanfor, så gamlelada, som stod «midt i vegen» kunne rivast. Men dei måtte også rive den nye, og flytte denne inn i nyetunet etter utskiftinga i 1902.

Stovene

Også her var Perane først ute. I 1879 bygde Elias nyehuset «utanpå» den gamle stova og loftet!

Loftet med to etasjar stod ytst. Dette hadde litt høgare golvhøgde enn stova, derfor vart det senka litt på murane! (ja, i 1879 – to etasjes hus). Like fullt er det tydeleg golvskilnad i nyehuset.

Men begge stovene står eksakt på same plassen!

Stova vart bygd opp ein etasje, masstova, som framleis var godt brukande, vart sett oppå stova, og smottet imellom vart bygd igjen som kjøken, seinare soverom. Så blei øvrige tomrom fylt igjen med litt bindingsverk, og vips – hadde dei eit nymotens herskapshus, 15x10 meter stort!

Og så må ein legge til, det mest imponerande: To høgder med høvesvis 9 og 10 to-fag-vindauge på langsidene og 5x2 same i gavlane, til saman 29 vindauge. Fantastisk!

Ein revolusjon

Dette var ein revolusjon! Rett frå dei små sperrestovene med eit par relativt små vindauge i sydgavlen og gjerne berre eitt på eine langsida. Over natta! Og alt arbeid gjorde dei sjølve, også vindauga.

Ikkje rart at «alle hine» kom raskt etter med same genistreken. Både her i tunet og på Bergset og på Ulvedal.

Isakstova, næraste naboen, kom i året 1884. Altså samstundes med lada! Men her stod Loftet litt på skrå, så dei måtte fyrst rive og bygge oppatt dette, i rett samanheng med stova.

Bentane bygde på same vis vestom tunelva, under Bakkehammaren.

Det første arkitektteikna

Inntunane var imidlertid litt spesielle. Bror til Anders Nilsson Sølvberg, Lars, var arkitekt og oppteken av den nye sveitserstilen, derfor vart dette det første sveitserstil-huset på desse kantar, og det første arkitektteikna, bygd i 1886.

Andersane bygde også ei etterlikning av Inntunshuset, midt i gamletunet!

Like før utskiftinga! Det kunne sjå ut som denne kom som «julaftan på kjerringa», både med lada og stova, då denne kom berre få år etter, og dei måtte rive heile stasen og flytte eit godt stykke austom, til nytt tun!

Dette var del 3 av i alt 7 deler. Meir om denne storstilte, fantastiske byggesjauen i Del 4.

Perstova: Rundt 70 år etter bygginga. Ikkje den beste kopi, men eit dagens bilete ville ikkje gje den gamle kjensla. Faksimile frå «Sølvbergsboka». Foto: Faksimile
Inntunstova: Faksimile frå «Sølvbergsboka». Foto: Faksimile