Vestlandet får eige dyrepoliti

Glade for semje om eige dyrepoliti på Vestlandet: Frå venstre: Peter Frølich (H), Helge André Njåstad (Frp), Sondre Hansmark (V).  Foto: Frp

Nyhende

Det er semje mellom fleirtalspartia på Stortinget om at Vest politidistrikt vil få dyrepoliti.

Høgre, Frp, Venstre og KrF vart i forhandlingane om statsbudsjett samde om at det skal opprettast to nye dyrepoliti-einingar. Det betyr at vernet om dyra i Hordaland og Sogn og Fjordane vil få eit betydeleg løft, seier dei dire partia i ein felles pressemelding.

Dyrepolitiet er ein egen politieining som jobber berre med etterforsking av kriminalitet mot dyr, og førebur saker overfor domstolene.