Vassprøvetaking som følge av bilvrak-dumpinga

Ber kommunen dokumentere mest muleg

Hornindal kommune søkjer om pengar til overvaking av vasskvaliteten etter fokuset som har vore på gamle bilvrak i vatnet. 

Nyhende

Hornindal kommune har søkt fylkeskommunen om midlar til overvaking av vasskvaliteten i Hornindalsvatnet, etter at det i haust vart sett fokus på dumpinga av bilvrak som har føregått tilbake i tid.

Sjå filmen: Ute av syne, ute av sinn

I svaret frå fylkeskommunen vert det vist til midlar som Nordfjord vassområdeutval disponerer, og mulegheiter for stønad til vassprøver frå denne potten. Midlane her er meint til overvaking av vassførekomstar, då i hovudsak knytt til påverknad som kommunane er styresmakt for.

-Vi anbefalar Hornindal kommune inntil vidare å dokumentere alle relevante opplysningar i saka som har kome fram om dumping av bilvrak i Hornindalsvatnet, til dømes opplysningar om stad og tidspunkt, kontaktpersonar, gamle avisoppslag og bilde, heiter det i svaret frå fylkeskommunen.

Prosjektgruppa for Nordfjord vassområde, perioden 2016-2021, vil i vinter vurdere det samla behovet for overvaking, og Hornindal er invitert til å melde inn konkret behov.