Illustrasjonsbilde.
            (Foto: Roy Aron Myklebust (arkiv))

Illustrasjonsbilde.Foto: Roy Aron Myklebust (arkiv)

Varslar flaum på Vestlandet

Opptil 400 millimeter nedbør kombinert med høge temperaturar og vind gjer at NVE har gått ut med flaumvarsel på oransje nivå for Vestlandet.

Oransje nivå er det nest høgste nivået på flaumvarsla frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), og det beskriv ein alvorleg situasjon med sannsyn for alvorlege skader.

Flaumvarselet gjeld for Rogaland og Hordaland, men også Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane vil merke den kraftige nedbøren. Situasjonen blir forverra av at relativt høge temperaturar sørgjer for kraftig snøsmelting i tillegg til den kraftige nedbøren.

Det er vanta mykje regn, opptil 400 millimeter frå tysdag til og med torsdag. Mesteparten av nedbøren kjem allereie tysdag – då er det meldt opptil 200 millimeter på 24 timar. Det er venta ytterlegare 100 millimeter nedbør onsdag og opptil 60 millimeter på torsdag. Vêret medfører også stor fare for jord- og sørpeskred. Med gjeldande prognose er sørlege delar av Vestlandet mest utsette på tysdag. Onsdag og torsdag kan delar av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal også vere utsette. Faren for jord-, sørpe- og flaumskred aukar spesielt tysdag ettermiddag, heiter det i varselet frå NVE.

(©NPK)

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

VIDEO: Fv 722 Veslebygda–Flo

– Tunnelen vil gi slutt på engstelsen

Sambygdingane Brynjar Flo og Kolbein Fridtun har jobba for tunnel til Flo i eit tiår. Bli med dei på den skredutsette vegen som dei køyrer dagleg, heile året.

Ein femdel av NRK-lyttarane borte på eitt år

NRK har mista kvar femte daglege radiolyttar sidan FM-sløkkinga starta. Onsdag blir nettet stengt for godt for riksdekkjande kanalar.

Dagens leiarartikkel

Mørk hovudgate

Strynerådmannen kommenterer Hornindal kommune sine innspel

Rådmann Rune Hovde kommenterer i eit brev Hornindal kommune sine tilleggsopplysingar vedrørande grensejustering Kjøs krins.

Fjordingen for 10 år sidan:

Sentrumsrevy for full sal

«Såmannen» på plass

Vil busette 10 flyktningar i 2018

Rådmannen har tilrådd å busetje 10 flyktningar i Stryn kommune i 2018.