Før vintersesongen er det gjort fleire grep som vil gi brukarane betre verktøy for å handtere snøskredfare, melder [URL]Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

No vil snøskredvarslinga bruke data frå radarsatellittar for å oppdage snøskred. I tillegg vil opprettinga av ti nye vêrstasjonar sørgje for at datagrunnlaget varselet baserer seg på, blir meir nøyaktig. I tillegg vil produksjonen av vêrprognosane bli effektiviserte og karttenesta xGeo oppdatert.

Søkjer frivillige

NVE er avhengige av observasjonar i felt, og i vinter har snøskredvarslinga lagt opp til ein turné. Dei vil arrangere skred-kveldar ulike stader, blant anna for å få fleire frivillige til å bidra med observasjonar på registreringstenesta regObs.

– Vi ønskjer at fleire bruker regObs for å registrere skredaktivitet og typiske fareteikn på skredfare slik at vi får inn mest mogleg data. Desse vil igjen vere med på å gi eit betre skredvarsel, seier seksjonsleiar i NVE, Rune Engeset.

Færre omkom i fjor

Sjølve varselet på Varsom.no vil også få ny og forbetra vising. Blant anna vil skredproblem no bli presentert gjennom nye ikon, og fjellvêret vil bli presentert gjennom ein meir oversiktleg tabell.

Skredvarslinga er eit samarbeid mellom NVE, Meteorologisk institutt, Statens vegvesen og Bane Nor.

Førre vinter omkom to personar i snøskred. Det er det lågaste dødstalet på elleve år. Tidlegare i år viste brukarundersøkingar gjort av snøskredvarslinga ein markant auke i bruken av snøskredvarselet på Varsom.no.

(©NPK)