Leigeprisane skal avgjerast i kommunestyret, men formannskapet vedtok samrøystes at leigeprisane for Stryn kulturhus, kino og symjehall skal auke med 2,5 prosent frå 1. januar.

- Faste leigeavtalar for lag/organisasjonar, skular og barnehagar vert auka med 2,5 % avrunda oppover til næraste heile kr 10,- frå 1. januar. For grunnskulane og vidaregåande skule i Stryn kostar det kr 520,- per undervisningstime symjing. Neste justering vert i august 2019.

Ordninga med utleige til frivillige lag/organisasjonar som er aktive i kommunen vert vidareført med auka timesats til kr 1.500,- går fram det av vedtaket.

Torstein Tvinnereim (V) gav uttrykk for at han ønskjer rimelegare leige av kulturhuset for lokale lag/org, men hadde likevel ikkje endringsframlegg på dette.

Då tiltaksplanen for Stryn kulturhus vart lagt, nytta Tvinnereim høve til å seie meininga si om kultursatsinga i kommunen.

– Vi er ikkje særleg framme i skorne når det gjeld kultur i Stryn. Litt av problemet er at skular- og lokale lag ikkje har råd å nytte kulturhuset, då kjem vi heller ikkje vidare, sa Tvinnereim som har poengtert dette fleire gongar tidlegare.

– Vi må ha ein reduksjon av leigepris for skule- og for lokale lag. Det er berre trist at ungdom ikkje har råd å nytte kulturhuset. Vi må bli betre på å avle kulturaktivitet i kommunen vår. Slik det er i dag er vi for avhengige av private initiativ, poengterte Tvinnereim - utan endringsframlegg.