Victoria Øvstetun, sjef på Stryn torg, synest det er kjekt å bruke lokale ungdommar for å få det koseleg på senteret. Ungdommane frå Stryn vidaregåande skule skal neste år reise til England på skuletur og jobbar for å tene inn pengar til denne turen.

Håpar på suksess

Ved å underholde dei minste medan foreldra handlar til jul og lage julestemning for alle på senteret, håpar elevane på ein suksess. Dei vil arrangere juleverkstad, ha underhaldning for borna og servere varm juledrikke og anna godteri. Ungdommane har fått ansvaret for å komme på idear og lage til overraskingar og anna sprell på torget i juletida framover. Dei har også invitert nissen.

Nytt prosjekt

Prosjektet har Stryn torg og elevane starta ilag i år, og håper at de fungerer bra. Elevane vil vere på torget dei fleste dagane når senteret har langopen og søndagsope.

Nye utfordringar er alltid artig, seier Victoria Øvstetun til Fjordingen.